Framsida
LIVERPOOL • MÅLØY • BERGEN • DEN HELDER - THE TALL SHIPS' RACES 2008 - A voyage of self discovery!

Meny
Seglasen 2008
Vertsbyane
Medseglar

8. - 12. august 2008

The Tall Ships`Races

Den flottaste seglregattaen i verda!
 

Kven står bak The Tall Ships' Races 2008?
 

  • The Tall Ships`Races blir administrert av Sail Training International.
  • Deltakande hamner i 2008 er Liverpool, Måløy, Bergen og Den Helder. Byane og hamnene har ansvar for dei landbaserte aktivitetane. Dei ulike vertshamnene er ansvarlege for underhaldning og eit spanande aktivitetstilbod for alle deltakerar, samt legge forholdene til rette for ein skikkelig folkefest!

Meir om seglasen i 2008

Meir om vertsbyane

 

Historien bak The Tall Ships' Races
The Tall Ships' Races er ein regatta med lange tradisjoner, og gjekk fyrste gong av stabelen i 1956. Det starta då frå Torbay i England , og enda opp i Lisboa i Portugal. Ideen til regattaen kom frå Londonadvokaten Bernhard Morgan, som fekk med seg fleire kjente engelske personligdomar. Dei ville arrangere ein regatta for å markere den endelege slutten for seglskute tida, men ville også at dette løpet skulle fostre godt vennskap og forståing blant unge mennesker frå ulike land. Komitéen 'Sail Training Association (STA)' vart danna og hadde ansvaret for løpet.

 
20 seglskuter deltok i det første løpet, i to klasser: dei under og dei over 100 tonn. Norske 'SS Christian Radich' var blant dei norske deltakarane, og kom på 2. plass. Meininga var at det berre skulle arrangerast ein regatta, men arrangementet i 1956 blei ein så stor suksess, at det sidan har blitt arrangert, fyrst annankavart år, deretter kvart einaste år. Arrangøren har hatt ulike namn, som STA (Sail Training Association), ISTA (International Sail Training Association), men heiter i dag Sail Training International (STI).
 
Fra 1972 vart løpet sponsa av Cutty Sark Scotch Whisky, og seglasen fekk namnet Cutty Sark Tall Ships' Races. Dette var namnet på regattaen fram til 2002, då den gjekk over til The Tall Ships' Races. Hovedsponsor i dag er byen Antwerpen.
 
Fra å vera 20 deltakande skip i 1956, varierer antallet no frå 70 - 100 deltakande skip kvart år, med 4 000 ungdommar frå over 30 ulike land.
 
 
 
 
  Tilbake

 
iDrift AS

The Tall Ships´ Races 2008 Bergen, Skur 7 Bradbenken, 5003 Bergen
Tlf: 55301712, Fax: 55301701 Prosjektleder: Ann Margret Hauknes, Tlf:  901 10 898
Dynamiske websider: iDrift AS