| Vertsbyar for 2008 er Liverpool, Måløy, Bergen og Den Helder. |
| |
Vertsbyane
Dei tre andre vertsbyane reklamerer for sine arrangement på fylgjande måte:
Liverpool er starthamna for The Tall Ships' Race 2008.
|
| |
| Seglskuteflåten for The Tall Ships' Races 2008 møtes fyrst i Liverpool, og her blir det fire fargerike dagar med fest og moro, konkurransar og tilstelningar.
|
| |
| I 2008 kjem verda til å ha blikket retta mot Liverpool. Med status som europeisk kulturhovudstad skal Liverpool arrangere den største kulturfestivalen i Europa dette tiåret. Eitt av høgdepunkta blir når deltakarflåten i The Tall Ships Races 2008 kjem til byen.
|
| |
| Når skipa legg til kai i Liverpool, får dei oppleve ei mottaking og ein fest utan sidestykke. Då går startskotet for ei gigantisk, fire dagar lang markering av byens 800-årsjubileum. Det skjer i eit hamneområde som står på verdsarvlista til UNESCO, nyleg opprusta opp for ein milliard pund, mellom anna med ein ny innandørsarena og nytt forretningskvartal.
|
| |
| Liverpool er ein av dei få byane i Europa som har kulturell kapasitet til å ta imot, underhalde og engasjere gjester i tusental. Her er det samla nasjonale museum, kunstgalleri og prisvinnande teater i verdsklasse, musikkmiljøet er legendarisk, og her er fleire tverrkulturelle festivalar – i det heile er Liverpool ein by som veit å more seg.
|
| |
| For sportsinteresserte er Liverpool ein by med ei historie prega av store høgdepunkt og sterke kjensler. Byen har to fotballag i elitedivisjonen – Everton og Liverpool FC, golfinteresserte kan velje mellom meisterskapsbaner som Royal Liverpool (der The Open går av stabelen i 2006) og Royal Birkdale (The Open 2008), og her er hesteveddeløpsbaner av fyrsteklasse, som Aintree, med det verdskjende John Smith's Grand National, og Haydock Park; den mest besøkte bana i England, med løp i toppklasse året rundt.
|
| |
| Med eit slikt tilbod er det ikkje til å undrast over at Liverpool er i ferd med å etablere seg som eitt av dei fremste turistmåla i Europa.
|
| |
| Aldri har Liverpool hatt meir å by på. Ver der når skutene er der!
|
| |
|
|
| |
|
|
| |
|
Måløy er andre offisielle hamn under The Tall Ships' P 2008 Races
|
| |
Byen Måløy...eit like vakkert syn som ein norsk fjord. Den sjarmerande småbyen ligg vakkert til på vestlandskysten. Måløy har 4000 innbyggjarar og er den største fiskerihamna i landet.
|
| |
| Den imponerande hamna er midt i blinken til å ta imot Tall Ships' Races i 2008. Måløy er dessutan ein av dei minste byane som nokon gong har vore vertshamn for regattaen, og folk i Måløy tek fatt på oppgåva med stort engasjement.
|
| |
|
|
| |
|
Måløy står på historisk grunn. Moldøen, ein holme like utanfor Måløy sentrum, var tingstad for vikingane for tusen år sidan. Her samlast dei og avgjorde saker som var viktige for heile området. Mange hundre år seinare, under andre verdskrigen, spela Måløy på ny ei historisk rolle då Churchill gav ordre om å slå til mot dei tyske okkupasjonsstyrkane i Måløy i den første norsk-britiske operasjonen. Nyare forsking har vist at Måløyraidet gjorde sitt til at krigslukka snudde. På Moldøen er det sett opp eit minnesmerke over denne historiske hendinga, og sommaren 2006 opnar eit nytt interaktivt museum der interesserte kan få vite meir om det som skjedde.
|
| |
| Områda kring Måløy er av dei mest populære turistmåla i Noreg, der ein kan oppleve alt frå sandstrender til høge fjelltoppar, fjordar og brear. Turen frå Måløy til Bergen blir ein 'sjarmøretappe' med tid til å sjå innom dei vakre norske fjordane.
|
| |
| Vel møtt i Måløy i 2008!
|
| |
|
|
| |
|
Den Helder er siste offisielle hamna for The Tall Ships' Races 2008, og er ein by som representerer ein unik blanding av nederlandsk maritim historie og segling til havs.
|
| |
| For dei som vil kombinere segling med sjøfartshistorie, er Den Helder rette staden. Hamnebyen Den Helder ligg rundt 80 kilometer nord for Amsterdam. Byen har over 60 000 innbyggjarar og er ein av dei mest populære hamnene for havseglarar. Den Helder kan by på imponerande sjøfartshistoriske minnesmerke og festningsverk, nokre frå napoleonstida, andre med opphav heilt tilbake i den nederlandske gullalderen.
|
| |
| Den Helder er heimehamna for den nederlandske marinen. Her er mykje fiske- og offshoreindustri, og byen har heile seks marinaer.
|
| |
| Under opphaldet i Den Helder skal deltakarflåten i The Tall Ships' Races 2008 liggje i ei ærverdig hamn, i og rundt Willemsoord. Her hadde den nederlandske marinen verfta sine i napoleonstida, og området er no fullt rehabilitert som den maritime temaparken, Cape Holland. Med fleire museum, tørrdokkar, restaurantar og ein marina i eit vakkert restaurert historisk miljø, er Cape Holland Willemsoord eit minnesmerke av verkeleg europeisk kaliber.
|
| |
| Hamnebyen Den Helder har arrangert The Tall Ships`Races både i 1993 og 1997 så byen burde vera velkjend for mange av skutene som deltek i Tall Ships' Races 2008.
|
| |
| I 2008 blir Rabobank, den nederlandske marinen og byen Den Helder igjen dei viktigaste støttespelarane for arrangementet. Saman med alle dei regionale og lokale sponsorane skal dei hjelpe til med å leggje til rette aktivitetsprogram for gjestene, arrangere dagseglasar, og stå til teneste om bord på gjestande skip.
|
| |
Deltakarane i The Tall Ships' Races 2008 kan sjå fram til ei varm mottaking i Den Helder.
|
| |
|
| |
| |
|
|
|