Framsida
LIVERPOOL • MÅLØY • BERGEN • DEN HELDER - THE TALL SHIPS' RACES 2008 - A voyage of self discovery!

Meny
Ulike fartøyklasser
Skutebilder

8. - 12. august 2008

Kva er klasse A, B, C og D?

Skutene

Storleiken på skutene varierar heilt frå 30 fots seglbåtar til dei største fullriggarane på meir enn 300 fot. Skutene er inndelt i fylgjande kategoriar:

 

Klasse A

Alle skværrigga fartøy og alle andre fartøy over 40 meter “overall” (LOA=length over all)

 

Klasse B

Tradisjonelt rigga fartøy med LOA mindre enn 40 meter, og med ei vasslinje (LWL=length waterline) på minst 9,14 meter

 

Klasse C

Moderne rigga fartøy med LOA på mindre enn 40meter og med LWL på minst 9,14 meter, og som ikkje har spinnaker liknande seglføring

 

Klasse D

Moderne rigga fartøy med LOA på mindre enn 40 meter og med LWL på minst 9,14 meter, som har spinnaker liknande segl

 

Merknadar:

1.      Skværrigga fartøy (klasse A) er fartøy definert med  rigg som skip (=fullriggar), bark, barkantin, brigg eller brigantine.

2.      Tradisjonelt rigga fartøy (klasse B) er fartøy definert med rigg som hovudsakleg har gaffelsegl

3.      Moderne rigga fartøy (klasse C & D) er fartøy definert med rigg hovudsakleg beståande av Bermuda segl

4.      Det er berre fartøy i klasse D som kan nytte spinnaker liknande segl.

5.      LOA (length overall) er lengda mellom forreste punkt på baug og bakerste punkt på akterstevn. Det inkluderar ikkje baugsspyd eller nokon annan forlenging av baug eller akterstevn.

 

For meir informasjon sjå “Racing & Sailing Rules”  

 
 
 
  Tilbake

 
iDrift AS

The Tall Ships´ Races 2008 Bergen, Skur 7 Bradbenken, 5003 Bergen
Tlf: 55301712, Fax: 55301701 Prosjektleder: Ann Margret Hauknes, Tlf:  901 10 898
Dynamiske websider: iDrift AS